Hopp til innhold
X
Innhald

Hauglandsenteret

Hauglandsenteret. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Hauglandsenteret. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Det store rehabiliteringssenteret på Haugland ved Flekkefjorden er resultatet av at Bergens-advokaten Christian F. Bekker i 1980 testamenterte Haugland til Røde Kors på vilkår av at det vart bygt eit senter for born i vanskar på eigedomen.

Bekker slekta på morssida frå den gamle lensmannsgarden Haugland, og arva garden i 1906. I gåva fylgde m.a. det store bustadhuset, sjøbuer, samt møblar og inventar med.

Helsesport og rehabilitering

I samarbeid mellom Sogn og Fjordane Røde Kors og Fjaler kommune vart det arbeidd ut planar for eit helsesport- og rehabiliteringssenter som skulle bli Vestlandets svar på senteret på Beitostølen. Sentralt i arbeidet stod distriktssekretær Ingvard Hornnes i Røde Kors og Magne Bjergene som prosjektleiar frå Fjaler kommune.

Sentralleinga i Røde Kors støtta planane, og i 1987 gjekk ein stor del av inntekene frå Røde Fjæraksjonen til Lions Norge til Hauglandsenteret. Dei første hybelhusa som vart bygde ved senteret vart på 1980-talet nytta som bustad for flyktningar.

Dronning Sonja har vore ein hyppig gjest på Hauglandsenteret og UWC. Foto: Heidi Lise Bakke, NRK.

Dronning Sonja har vore ein hyppig gjest på Hauglandsenteret og UWC. Foto: Heidi Lise Bakke, NRK.

Opna av Kong Harald V

I 1991 vart dei storfelte planane for heile senteret godkjende av regjeringa, og senteret vart opna i 1992 av Kong Harald.

I tillegg til ei mengd paviljongbygg for pasientar, inneheld Hauglandsenteret eit stort sentralbygg med plass til behandlingsrom, terapibasseng og felles opphaldsrom, og heile senteret stod ferdig utbygd i 1994.

Sjå også: United World College.

Inngangen til Hauglandsenteret med raudekrossflagget vaiande utanfor. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Inngangen til Hauglandsenteret med raudekrossflagget vaiande utanfor. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 21.10.2010