Hopp til innhold
X
Innhald

Hendrich Nitter

Hendrich Trudeson Nitter (1728-1802) frå Tysse. Jordeigar.

Han arva Tysse-garden (Storgarden Tysse) etter faren Trude Nitter i 1770, og vart gift med ein slektning av den mektige futen Hans Thiis Nagel på Svanøy.

Hendrich Nitter fekk etter kvart hand om 53 gardsbruk i Sunnfjord som han kjøpte frå Svanøy-godset. Av desse bruka låg kring halvparten i ytre del av Dalsfjorden, tretten i Askvoll, ti i Kinn og Bremanger og fire i noverande Gaular kommune.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.03.2008