Hopp til innhold
X
Innhald

Hovland & Rakneberg Tønnefabrikk

Hovland & Rakneberg. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hovland & Rakneberg. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hovland & Rakneberg Tønnefabrikk vart starta i 1926 av Aksel Hovland og svogeren Magnus Rakneberg. Aksel Hovland var bror til tønnefabrikant Ola Hovland som hadde starta tønnefabrikk i Dale i 1912. Brørne kom frå Eikefjord i Flora kommune.

Tønnefabrikken til Aksel fekk etter kort tid kapasitet til å produsere opptil 500 tønner dagleg. Verksemda hadde også eigne sagbruk i Fjaler og Hemsedal som kunne skjære opptil 10.000 tønnestavar pr. dag, og laga også småtønner for såpe og syltety. Firmaet dreiv også med sildesalting. I 1932 bygde fabrikken eigen fabrikk for framstilling av metalltønner til medisintran.

Industritønner

Firmaet sysselsette kring 20 faste arbeidarar, men auka sterkt i sesongen. Då sildefisket gjekk tilbake kring 1960, berga fabrikken seg m.a. med produksjon av industritønner til Bremanger Smelteverk i Svelgen (Bremanger Smelteverk - hjørnesteinen i kommunesenteret), men produserte sildetønner heilt fram til 1988.

Byggjevarer

Sonen til Aksel Hovland, Svein Hovland, vart dagleg leiar i 1961, og firmaet Hovland & Rakneberg A/S satsa på handel med byggjevarer (BM Byggservice, med i byggjevarekjeda Byggeriet), kunstgjødsel og olje i tillegg til tønneproduksjonen. I 2002 driv Svein Hovland også eit rekneskapskontor.

I 2011 gjekk BM Byggservice konkurs. Buet vart kjøpt av Monica Ulltang og Finn Bjarne Brynestad, som starta ny byggjevareforretning under namnet Dale Byggsenter AS.

Hovland & Rakneberg dreiv og med byggevarer. Forretninga gjekk konkurs, men vart i 2011 overteken av Dale Byggsenter AS. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Hovland & Rakneberg dreiv og med byggevarer. Forretninga gjekk konkurs, men vart i 2011 overteken av Dale Byggsenter AS. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.08.2011