Hopp til innhold
X
Innhald

Industri og næring i Fjaler

Dale hadde i ein periode svært mange industriarbeidsplassar, dei fleste innan sko- og tønneproduksjon. Dette er arbeidsstokken på Jarl Skofabrikk i 1934. På det meste sysselsette skofabrikken rundt 220 personar. Foto: Dagfinn Reiakvam. © Fylkesarkivet.

Dale hadde i ein periode svært mange industriarbeidsplassar, dei fleste innan sko- og tønneproduksjon. Dette er arbeidsstokken på Jarl Skofabrikk i 1934. På det meste sysselsette skofabrikken rundt 220 personar. Foto: Dagfinn Reiakvam. © Fylkesarkivet.

I Sogn og Fjordane var det bygdene kring Dalsfjorden som først fekk eit større industrielt miljø: Alt på slutten av 1800-talet grodde det opp ei mengd bedrifter som laga tønner og fottøy. Seinare vart det starta både margarinfabrikkar, teglverk, skifabrikkar, ullvarefabrikk og brus- og såpefabrikkar i Dalsfjord-bygdene. Dalsfjorden var kring førre hundreårsskiftet på mange vis Sogn og Fjordane sitt svar på ”sunnnmørseventyret”. Men Dalsfjorden har sidan ikkje makta å leve opp til ryet som det mest allsidige industriområdet i fylket. Den rolla har indre Nordfjord overteke.

Omtalane er ordna etter oppstartsår:

*Fabrikkar og verkstader i Fjaler *Fiskeribedrifter i Fjaler *Gjestgjevarar i Fjaler *Landhandlar i Fjaler

ANDRE OMTALAR:

Bjordalsstolane

I den vesle grenda Bjordal i Guddalen utvikla det seg på 1800-talet ein spesiell heimeindustri: Produksjon av såkalla «Bjordalsstolar».

Fjaler sparebank

vart skipa i 1873 etter opptak frå Ytre Holmedal sokneselskap.

Ytre Holmedals Præstegjelds Brandassuranceforening

– (Fjaler Branntrygdelag) vart skipa i 1873 som eitt av dei første branntrygdelaga i Sogn og Fjordane. Opptaket vart gjort av Holmedal Sogns Bondevenforening.

Einar Nitter

starta i 1905 bakeri i Dale. Han selde etter nokre år til Thomas O. Thomassen, og sonen Erling Thomassen og kona Edith tok over verksemda 1953 og dreiv til 1999 under firmanamnet Dale Bakeri og Konditori.

Ole Fauske

frå Bygstad starta kring 1910 bakeri i Dale som leverte bakverk til fleire forretningar i Dalsfjord-regionen.

Fjaler Bakeri og Konditori

- sjå Ole Fauske.

Stjernen Café og ei fiskematforretning heldt til i gamlebygget på Tross. Foto: Arild Nybø, NRK.

Stjernen Café og ei fiskematforretning heldt til i gamlebygget på Tross. Foto: Arild Nybø, NRK.

Forretningsfamiliane Hope, Solheim og Dale

Kristian Hope (1890-1931) frå Hyen starta landhandel i Yksnebjørvika i 1914.

Handelsstova AS

- sjå Forretningsfamiliane Hope, Solheim og Dale.

L.J. Sagevik

- sjå Forretningsfamiliane Hope, Solheim og Dale.

Stjernen Café

- sjå Forretningsfamiliane Hope, Solheim og Dale.

Solheim Snekkerverksted

- sjå Forretningsfamiliane Hope, Solheim og Dale.

Dale Spesialvarer AS

- sjå Forretningsfamiliane Hope, Solheim og Dale.

Fjaler Matsenter

- sjå Forretningsfamiliane Hope, Solheim og Dale og Dale Senter ANS.

Fjaler ungdomsheim

- sjå Forretningsfamiliane Hope, Solheim og Dale.

Den fallerte storreiaren i Gjølanger

Gjølanger Bruk AS vart starta i 1925 av tidlegare skipsreiar og spekulant Erik Grant Lea frå Bergen.

Gjølanger Bruk A/S

– sjå artikkelen Den fallerte storreiaren i Gjølanger.

Gjølanger Fisk AS

– sjå artikkelen Den fallerte storreiaren i Gjølanger.

Gjølanger Utvikling AS

– sjå artikkelen Den fallerte storreiaren i Gjølanger.

Gjølanger Management AS

– sjå artikkelen Den fallerte storreiaren i Gjølanger.

Aqua Farms

– sjå artikkelen Den fallerte storreiaren i Gjølanger.

Første lastebilen i Fjaler

Brørne Anders og Andreas Loneland kjøpte den første lastebilen i Fjaler i 1928.

Loneland Sand og Grustak

– sjå Første lastebilen i Fjaler.

Haldis Skaar

starta dame- og herrefrisørsalong i Dale i 1933.

Jens Langeland

starta skreddarforretning i Dale i 1936. Då han flytta i 1939, overtok Anders Langeland verksemda og dreiv den med tre tilsette.

Dale Samvirkelag

vart skipa i 1937 m.a. etter opptak frå Oddleif Fagerheim.

R. og J. Haugen Kjøtforretning

var starta i Dale av brørne Rolf og Jan Haugen i 1950.

Alf Solheim Fargehandel. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Alf Solheim Fargehandel. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Alf Solheim

frå Hyllestad starta i 1951 fargehandel i Dale, etter å ha drive som målar i bygda sidan 1935. Sidan 1984 har sonen Svein Solheim drive fargehandelen.

Dale Elektriske. Foto: Arild Nybø, NRK.

Dale Elektriske. Foto: Arild Nybø, NRK.

Dale Elektriske

vart starta i 1962 av Erling Haugsbø med fleire. Verksemda dreiv dei første åra både med installasjon og sal av elektriske artiklar. Etter konkurs i 1995 overtok Børje Eikerol fram til 2001, då Knut Lunde kjøpte butikken, som driv handel med kvitevarer, radio og TV, datamaskiner og telefonar.

Mathias Øen Transport

vart starta i Dale i 1970. Firmaet har m.a. drive anleggsarbeid og eige grustak. Sidan 1985 har Øen også produsert ferdigbeting.

Mass Kjell Myklebust

starta som maskinentreprenør i Dale i 1971. Verksemda er i 2002 leia av sonen Roy Myklebust, er omgjort til aksjeselskap og har seks tilsette.

Leif Skår A/S

røyrleggjarforretning vart starta i Korssund i 1971 av Leif Skår.

Skår VVS AS

- sjå Leif Skår A/S.

Wilkenbua slik ho vart bygd oppatt etter at den opphavelege bua brann i 1987. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Wilkenbua slik ho vart bygd oppatt etter at den opphavelege bua brann i 1987. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Olav Hovland

starta arkitektfirma i Dale i 1974, og har hatt opptil fem tilsette. Han har m.a. teikna den gjenreiste «Wilken-bua» i Dale.

Vestbygg AS på Grytøyra. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vestbygg AS på Grytøyra. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vestbygg Skår & Co.

byggevareforretning på Grytøyra vart starta i 1974 av Arne Skår og Asbjørn Hovland. Firmaet vart omskipa til Vestbygg AS i 1987 og driv også som bygningsentreprenør, og har sju tilsette.

Vestbygg AS

- sjå Vestbygg Skår & Co.

Fristad Elektro AS

vart starta i 1977 i Førde av Jon Fristad, som i 1980 flytta verksemda til Grytøyra, og har i 2002 tre tilsette.

Fristad Elektro AS på Grytøyra. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fristad Elektro AS på Grytøyra. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dalsbua

vart starta i Dale i 1977 av ei gruppe kvinner frå Fjaler. Butikken sel m.a. kunsthandverk og og lokale handverksprodukt.

Dalsbua. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dalsbua. Foto: Ottar Starheim, NRK.

K. R. Elektro & Co

installasjonsforretning vart starta i Dale i 1978 av Kjærvin Rochling. Verksemda har tre tilsette.

Hope Rekneskapskontor AS

vart starta i 1982 av Ola Anders Hope. Kontoret har 3-5 tilsette og held til i Dale Senter ANS.

Byggeriet BM Byggservice

- sjå Hovland & Rakneberg Tønnefabrikk.

Byggmester Nordnes & Folkestad (tidlegare Nordnes & Øksenberg) i Korssund. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Byggmester Nordnes & Folkestad (tidlegare Nordnes & Øksenberg) i Korssund. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Roald Nordnes

starta bygningsfirma i Korssund i 1987. I 2003 vart Terje Øksenberg kompanjong i det nyskipa aksjeselskapet Byggmester Nordnes & Øksenberg. I tillegg til forskaling og bygningsarbeid har firmaet også utsal av måling og golvbelegg i Korssund. Verksemda har sju tilsette. Firmaet har seinare skifta namn til Byggmester Nordnes & Folkestad.

Byggmester Nordnes & Øksenberg

- sjå Roald Nordnes.

Byggmester Nordnes & Folkestad

- sjå Roald Nordnes.

Dale Senter. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dale Senter. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dale Senter ANS

er eit kjøpesenter som vart bygt i Dale i 1988. Bygget er på 2.300 kvm. fordelt på tre høgder.

Dale Bok og Papir

– sjå Dale Senter ANS.

Fjaler Matsenter, Spar

– sjå Dale Senter ANS.

Fjaler Kro og Motell

– sjå Dale Senter ANS.

Motellet i Dale Senter

– sjå Dale Senter ANS.

Dale Kro og Motell

– sjå Dale Senter ANS.

Gunns Butikk klesbutikk

– sjå Dale Senter ANS.

Dot.Com barnekle

– sjå Dale Senter ANS.

Alf Salbu Sportsforretning

– sjå Dale Senter ANS.

Dale Optik

– sjå Dale Senter ANS.

På Håret frisersalong

– sjå Dale Senter ANS.

Sunnfjord Gravferdsbyrå

– sjå Dale Senter ANS.

Dale Spesialvarer. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dale Spesialvarer. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dale Spesialvarer

starta 1988 av Kåre Solheim - sjå: Forretningsfamiliane Hope, Solheim og Dale.

Elis AS

datafirma vart skipa i Dale i 1992 av Ove Myklebust.

Enoro

- sjå Elis AS.

Flekketunet AS

– sjå: Georg Storaker - landhandel og forretningsbygg.

Ralston & Bau

designerfirma vart starta i Dale i 2004 av Birgitta Astrid Ralston og Alexandre Marie P J Bau. Firmaet fekk i 2005 millionstøtte frå Norsk Kulturråd til å byggje eit særprega bygg for verksemda i Dale sentrum. Bygget er på nær 600 kvadratmeter og har fått namnet Transplant på grunn av den arkitektoniske løysinga. I 2012 måtte selskapet på grunn av økonomiske vanskar leige ut delar av bygget til Brødrene Dahl si vasskraftavdeling.

Transplant

- sjå Ralston & Bau.

Transplant i Dale. Foto: Torje Bjellaas, NRK.

Transplant i Dale. Foto: Torje Bjellaas, NRK.

Lutelandet Utvikling AS

I 2005 vart Lutelandet Utvikling skipa med sikte på å få bygd storindustri i kystområdet Lutelandet som ligg på grensa mot Hyllestad kommune.

Lutelandet Offshore AS

- sjå Lutelandet Utvikling AS.

Lutelandet Energipark AS

- sjå Lutelandet Utvikling AS.

Fossen bryggeripub

vart starta av Else og Rolf Skår i 2012 i dei tidlegare lokala til Handelsstova og Spesialvaren i Dale. Dei produserer sitt eige øl i eit mikrobryggeri.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.06.2015