Hopp til innhold
X
Innhald

Industristaden Dale

Saman med Holmedal på nordsida av Dalsfjorden, var Dale den mest mangslugne industribygda i fylket kring 1900.

Saman med Holmedal på nordsida av Dalsfjorden, var Dale den mest mangslugne industribygda i fylket kring 1900.

Mykje av aktiviteten stod bergensaren Industrigründeren Johan Jensen|Johan Jenssen for. I tillegg til å starte teglverk, smørfabrikk, brusfabrikk og ullvarefabrikk på nordsida av fjorden, fekk han også i gang Dale Kloggfabrik i 1899. Under nye eigarar og namnet A/S Jarl Skofabrikk voks denne fabrikken til å verte hjørnesteinsbedrifta i Dalsfjorden med over 200 tilsette på det meste. Dei rike sildefiskeria kring Kinn på 1800-talet skapte aktivitet og industri langt innover fjordane. Kjøpmann Wilken Nitter bygde ei stor sjøbu i Dale der han dreiv sildesalting.

Tønneproduksjon vart viktig heimeindustri på dei fleste gardar kring Dalsfjorden. Frå Eikefjorden kom brørne Ola Hovland og Aksel Hovland og bygde opp store tønnefabrikkar i Dale.

I mellomkrigstida auka auktiviteten sterkt, og folketalet i tettstaden Dale vart langt over dobla på ti år: I 1920 budde det 206 personar i Dale - i 1930 var folketalet kome opp i 463. I 1950 hadde folketalet auka til 700 i den vesle «industribyen» ved Dalsfjorden. Her kom pølsefabrikk, meieri og ei mengd forretningar.

Eit spesielt kapitel i «industrieventyret» kring Dalsfjorden er Åsnes Skifabrikk, som seks brør starta på Straumsnes i 1922.

Nedgangstider

Tønneproduksjonen ved dei store fabrikkane i Dale er for lenge sidan avvikla. Skofabrikken Jarl gjekk i kne under den store «te-ko-krisa» på 1970-talet, då billege importvarer slo ut det meste av norsk tekstil- og skotøyproduksjon. Åsnes Skifabrikk har ved fleire høve slite i motbakke på 1990-talet, og etter konkurs vart Åsnes-folket avløyste av nye eigarar kring tusenårsskiftet. Fabrikken freista å finne nye løyper inn i framtida med å utvikle nye skimodellar og produkt og heldt stand som den siste norskeigde skifabrikken heilt til 2008. Då vart det siste skiparet produsert på Straumsnes.

Sosiale skilje

I Fjaler utvikla det seg klåre sosiale skilje mellom den etter kvart talrike arbeidarklassen ved skofabrikk og tønnefabrikkar og dei gamle, «finare» familiane av embetsslekt. Medan arbeidarane var tidleg ute med skiping av fagforeningar og arbeidarlag, så pleia det gamle «aristokratiet» i Dale og på Tysse og Haugland eit selskapsliv der «ålmenta» vart halden utanfor.

Ein av dei som skildra denne litt «tidsfjerne» lokale sosieteten, var seinare stortingspresident Carl Joachim Hambro. Hambro voks opp i Bergen, og sommarane ferierte han hos presteslekta si i Dale. I eringsdringsboka «Far og sønn» skildrar Hambro Dale-sosieteten:

«Dale var noget helt for sig selv - et merkelig rede for en gruppe familier av en forsvunnen dyreart - det man en gang kalte »de kondisjonerte«. Her bodde de alle som kalte seg Nitter og Egenæs, Smith og Vonen og Falch - alle inngiftet med hverandre i den utroligste grad. Og litt lenger ute var Landmark på Leitet og den engelske familien Lillingston, og over i Flekkefjorden var det gamle fru Haugland. Det var deilige haver med veld av prestegårdsroser og bringebær og gule og røde stikkelsbær og solbær og ribs, og det var en selskabelighet og en sommerflirt som i en dansk prestegårdsroman»

Sjarmerande representantar for ”sosieteten” i Dale. Frå venstre Ingrid Nitter, Johanna Nitter Sømme og Haldis Michelsen Halvorsen i Falchfjæra. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Sjarmerande representantar for ”sosieteten” i Dale. Frå venstre Ingrid Nitter, Johanna Nitter Sømme og Haldis Michelsen Halvorsen i Falchfjæra. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 02.04.2013