Hopp til innhold
X
Innhald

Jantsen Øverås

Jantsen Øverås. Foto: Rune Fossum, NRK.

Jantsen Øverås. Foto: Rune Fossum, NRK.

Jantsen Louis Jumao-As Øverås fødd 1995, frå Flekke. Vektløftar. Representerer Tambarskjelvar IL i Naustdal. Fleire gonger norsk meister i ungdoms- og juniorklassen. I 2011 vart han også norsk meister i seniorklassen, i 2010 nordisk ungdomsmeister, i 2012 nordisk meister både i junior- og seniorklassen.

I EM for junior i 2012 vart han nummer åtte etter å ha sett norske rekordar både i rykk, støt og samanlagt. I 2013 fekk han bestemannspremien i NM for juniorar. Han var og med på laga til Tambarskjelvar som tok NM-gull for lag både i junior- og seniorklassen.

I 2014 vart han nordisk juniormeister.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 14.01.2016