Hopp til innhold
X
Innhald

Jens Olavsson Espedal

Jens Olavsson Espedal (1898-1925) frå Espedal. Bonde og forfattar.
Mo jordbruksskule 1917, Voss Folkehøgskule 1920-1921.

Han publiserte dikt i blada «Unglyden», «Ung i Norig» og i Gula Tidend.

Espedal var ein skarp samfunnsdebattant som forfekta revolusjonære meiningar og pasifisme. Han var svært kritisk til prestane i den norske kyrkja, og argumenterte for omlegging av læreplanane i skulane.

I 1926 vart etterlatne dikt gjevne ut i samlinga «Kvardagskvede».

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 28.01.2021