Hopp til innhold
X
Innhald

Kjerstin Boge Solås

Kjerstin Boge Solås, fødd 1997 i Dale. Handballspelar.

Ho spelte i 3. divisjon for Dale og 2. divisjon for Førde før ho i 2015 gjekk til eliteserielaget Tertnes i Bergen. Ho kom tidleg med på aldersbestemte landslag. Hausten 2016 debuterte ho på A-landslaget i Golden League i Danmark. I desember 2016 var ho med på det norske laget som vart europameister i Göteborg.

Først publisert: 03.01.2017
Sist oppdatert: 03.01.2017