Hopp til innhold
X
Innhald

Lag og organisasjonar i Fjaler

Dale Musikkorps i 1935. Musikarane er Hans Stensæth, Magnus Svehagen, Ragnar Stenseth, Albert Sletteland, Anders Fossedal, Odd Pettersen, Leif Refsnes, Herman Alisøy, Øyvind Skarstein, Harald Sletteland, Kristian Refsnes og Alfred Refsnes. Foto: Thora Nitter Fagerheim. © Fylkesarkivet.

Dale Musikkorps i 1935. Musikarane er Hans Stensæth, Magnus Svehagen, Ragnar Stenseth, Albert Sletteland, Anders Fossedal, Odd Pettersen, Leif Refsnes, Herman Alisøy, Øyvind Skarstein, Harald Sletteland, Kristian Refsnes og Alfred Refsnes. Foto: Thora Nitter Fagerheim. © Fylkesarkivet.

Det Holmedalske Sogneselskab

vart skipa 1836 etter opptak frå sorenskrivar Nils L. Landmark.

Holmedals Sogns Bondevenforening

vart skipa i 1871. – Les meir om denne under Askvoll kommune.

Norskelaget i Holmedal

vart skipa i 1874. - Les meir om dette under Askvoll kommune.

Folkestad er ei av bygdene som fekk bedehus. ©Fylkesarkivet.

Folkestad er ei av bygdene som fekk bedehus. ©Fylkesarkivet.

Indremisjonen

Då Søndfjord Fællesforening vart skipa i 1886, var det alt skipa misjonsforeningar i Dale og Guddal.

Vestlandske Indremisjonsforbund i Dalsfjorden

Medan dei andre misjonslaga i Fjordane kring 1900 vart medlemmer av Det norsk lutherske Indremisjonsselskap, melde misjonslaga i Bremanger og kring Dalsfjorden seg inn i Det Vestlandske Indremisjonsforbund, etter at dette i 1898 braut ut av den meir kyrkjetilknytte misjonsrørsla. - Les meir om dette under Sogn og Fjordane fylke: Kristelege lag og kristelege rørsler.

Ungdomshuset i Flekke i byggjeåret 1938. ©Fylkesarkivet.

Ungdomshuset i Flekke i byggjeåret 1938. ©Fylkesarkivet.

Flekke ungdomslag

vart skipa i 1896. Laget bygde ungdomshus i 1926.

Dale ungdomslag

vart skipa i 1898. Ungdomshuset Trudvang vart bygd i 1932. I 1981 og 1985 sette Dale ungdomslag opp revyar baserte på Jakob Sande si dikting. Laget hadde stor suksess med desse revyane som vart viste fram fleire stader i landet og vart sett av kring 8.000 menneske.

Ungdomshuset Trudvang i Dale. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ungdomshuset Trudvang i Dale. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dale og Guddals hesteavlsforening

vart skipa i 1904 eller noko tidlegare. I 1904 kjøpte nemleg laget inn den første avlshingsten.

Framhug ungdomslag

på Grytøyra vart skipa i 1907.

I.O.G.T.-losje Dalebuen

vart skipa i 1908.

Guddal ungdomslag

vart skipa i 1909. I 1960 overtok laget skulehuset i Dingsøyr som lagshus.

Fjaler helselag

vart skipa i 1915. Dei første åra engasjerte laget eiga helsesøster som hadde som særskild oppgåve å sjå til tuberkulosesjuke. Laget finansierte også opplæringa av sjukesyster i 1922. Den viktigaste oppgåva for laget har vore å få reist Fjaler Helsetun i Dale i 1972.

Straumsnes grendahus. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Straumsnes grendahus. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Straumsnes ungdomslag

vart skipa i 1918. Straumsnes fekk nytt grendahus og skule i 1986, men skulen var lagt ned i 2000. Det tidlegare skulehuset var frå 1934.

Dale Musikkorps

vart skipa i 1934.

Flekke Arbeidar- og Småbrukarlag

vart skipa i 1920.

Fjalerhallen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fjalerhallen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dale Idrettslag

vart skipa i 1926. Fjalerhallen vart bygd i 1989.

Dale Hestealslag

vart skipa i 1929 – sjå Dale og Guddals hesteavlsforening 1904.

Dale Sko og Kloggarbeiderforening

vart skipa i 1930. Foreninga kjøpte i 1950 hytta ”Fjellheim” i Vassdalen som feriehytte for medlemmene.

Dale Arbeidar og Småbrukarlag

vart skipa i 1933.

Fjaler Arbeidarparti

vart skipa i 1934.

Dale Musikkorps

vart skipa i 1934. Korpset bytte namn til Dale Musikklag i 1952, og til Dale Hornmusikk i 1976. (Sjå foto øvst på sida).

Dale Hornmusikk

– sjå Dale Musikkorps.

I.O.G.T.-losje Traust

vart skipa i på Leitet i 1935.

Våge Bonde og Småbrukarlag

vart skipa i 1936.

Fjaler Sogelag

vart skipa i 1943.

Flekke og Espedal Bonde og Småbrukarlag

vart skipa i 1954 og endra namn til Flekke og Bjordal Bonde og Småbrukarlag i 1960.

Svint Idrettslag

vart skipa i 1950. Laget organiserer idretten i bygdene Flekke og Guddal i Fjaler og i nokre grender i Hyllestad kommune.

Flekke og Straumsnes skulekorps

På slutten av 1960 vart det starta eit skulekorps i Flekke, men det la ned etter kort tid. Det vart starta oppatt i 1973 og tok seinare med seg elevar frå Straumsnes skule, slik at det no heiter Flekke og Straumsnes skulekorps.

Fjaler pensjonistlag

vart skipa i 1973.

Fjaler Bonde og Småbrukarlag

vart skipa i 1975 og lagt ned i 1980. Det vart teke opp att i 1984, men lagt ned på nytt i 1992 og medlemmene førde over til småbrukarlaget i Hyllestad.

Visegruppa Jubelhornet. Privat foto.

Visegruppa Jubelhornet. Privat foto.

Visegruppa ”Jubelhornet”

har eksistert sidan 1970-talet – sjå biografien om Jakob Sande.

Fure og Våge Songlag

vart skipa i 1979.

Nesalendingen songlag

på Straumsnes vart skipa i 1980.

Guddal Bonde og Småbrukarlag

vart skipa i 1985 og lagt ned i 1990.

Fjaler har eit rikt musikkliv. Dette er visegruppa Lagopus. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fjaler har eit rikt musikkliv. Dette er visegruppa Lagopus. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 19.10.2010