Hopp til innhold
X
Innhald

Landhandlar i Fjaler

Korssund Handel, der familien Skår har drive handel sidan 1893. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Korssund Handel, der familien Skår har drive handel sidan 1893. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Handels- og gjestgjevarstaden Korssund

Det første gjestgiveriet i Korssund er nemnt i 1629. Sidan 1962 har namnet på handelsstaden vore Korssund Handel.

Johan Skaars Sønner i Korssund

– sjå artikkelen Handels- og gjestgjevarstaden Korssund.

Firma L. Skår i Korssund

– sjå artikkelen Handels- og gjestgjevarstaden Korssund.

Korssund Handel

– sjå artikkelen Handels- og gjestgjevarstaden Korssund.

Den tidlegare skysstasjonen på Tross. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Den tidlegare skysstasjonen på Tross. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Skysstasjonen og handelsstaden Tross

Den gamle gjestgjevarstaden og skysstasjonen Tross låg ved sjøkanten, midt i det som no er Dale sentrum.

Anders Anderson Søreide

fødd 1829 på Kyrkjebø dreiv handel i Flekke midt på 1800-talet. Han var jaktebyggjar og hadde eiga jakt for frakt av varene. Han drukna i 1875 då han skulle føre noko tømmer over Hovlandsvatnet.

Handel på Straumsnes

H. Aagesen var truleg den første som starta landhandel på Straumsnes ein gong på 1850-talet.

Straumsnes landhandel

- sjå Handel på Straumsnes.

Ole Samuelsen Berntsen

frå Kristiansand starta landhandel i Dale kring 1860. Seinare tok Johanne Yksnebjør over forretninga og dreiv fram til 1930 då Øystein Sørebø overtok. I 1937 gjekk han i samarbeid med Dale Samvirkelag. Øystein Sørebø dreiv elektrisk forretning fram til 1964 då Leiv Sørebø tok over og dreiv den til 1974.

Henriette Beate Smith

Henriette Beate Smith

overtok ein eigedom i Dale i 1877. Her dreiv ho landhandel fram til ca. 1890, då ho selde eigedomen og etter fleire eigarskifte kjøpte Mons Grøvlen huset i 1914 (sjå: Mons Grøvlen - handel).

Hermann Tysse

starta kring 1880 landhandel på garden til Mons D. Hustveit i Flekke. Denne butikken gjekk mellom fleire eigarar, og vart truleg driven eit stykke fram på 1900-talet.

Marie Landmark

starta i 1880 landhandel på Leitet. Seinare vart butikken teken over av Botolv og Olga Løset, og frå 1918 av Arne K. Haugland, som også hadde dampskipsekspedisjon og post. Siste eigar av butikken var sonen Bjarne Haugland. Butikken vart lagt ned på 1970-talet.

Østen J. Flekke

starta kring 1890 landhandel på kaia i Flekke. Sonen Karl Ø. Flekke tok over i 1907, og seinare dreiv Odd Eikevik butikken fram til han i 1947 tok over butikken som Kornelius Stav (sjå nedanfor) og dottera Laura hadde drive ein annan stad i bygda.

Kornelius Stav

starta i 1892 landhandel i Flekke. I 1935 overtok dottera Laura Stav butikken og dreiv til 1947. Då tok Odd Eikevik over og dreiv til 1964. Deretter dreiv brørne Rolf og Jan Haugen frå Dale forretninga som filial til butikken sin i Dale eit par år før den vart avvikla.

Ole Andreas Skaar

Ole Andreas Skaar

starta i 1897 landhandel og bokhandel i Dale.

Handel og hermetikk på Grytøyra

- landhandel frå 1903, dampskipsekspedisjon og fabrikkar.

O. A. Skaar

- sjå Handel og hermetikk på Grytøyra.

Landhandel i Guddalen

I 1905 starta Herman Gallefos landhandel i Guddalen. I 1926 overtok Einar Kalstad firmaet under namnet Herman Gallefos Eftf. Då Kalstad døydde i 1950, vart det organsiert eit Guddal Samyrkelag, som sto føre butikkdrifta til det gjekk konkurs i 1962.

Herman Gallefos Eftf.

- sjå Landhandel i Guddalen.

Guddal Samyrkelag

- sjå Landhandel i Guddalen.

Ysteneset, der Georg Storaker hadde sagbruk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ysteneset, der Georg Storaker hadde sagbruk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Georg Storaker

- starta i 1907 landhandel med eige forretningsbygg i Flekke. Han dreiv og sagbruk.

Flekketunet

- sjå Georg Storaker.

Ivar Bendikson Systad

frå Åfjorddalen starta kring 1910 landhandel og tønnefabrikk nede ved fjorden i Flekke. Då bygningane brann i 1922, flytta han heim til Åfjorddalen og vart gardbrukar. Butikktomta i Flekke er seinare kjøpt av Fjaler kommune til båthamn.

Her på Folkestad var det landhandel til midt på 1980-talet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Her på Folkestad var det landhandel til midt på 1980-talet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

David Folkestad

starta landhandel i Folkestad 1910, og var dampskipsekspeditør. Han bygde også sjøbu og dreiv med sildesalting, og hadde notbruk for sild og brisling. Sonen Harald Folkestad tok over i 1964 og dreiv butikken under firmanamnet H. D. Folkestad til midt på 1980-talet.

Mons Grøvlen

frå Sogndal starta landhandel i Dale i 1914.

Gina Hermansen

starta landhandel i Dale i 1913. Då ho gav seg vart butikken ei tid driven under namnet Gina Hermansens Eftf. Etter nokre år tok svigersonen Olaf O. Sletteland over. Han bygde på 1930-talet nytt forretningsbygg. Sletteland dreiv også kafe. Ei tid hadde han opptil fem personar i arbeid. Butikken var i drift til tidleg på 1950-talet, då under namnet Olaf O. Sletteland - Kolonial Manufaktur.

Forretningsbygget som Olaf O. Sletteland bygde før andre verdskrigen. Foto frå sogeskriftet Fjaler 2012

Forretningsbygget som Olaf O. Sletteland bygde før andre verdskrigen. Foto frå sogeskriftet Fjaler 2012

Nikolai Straaken - landhandel

i Snekkevågen på Fure frå 1917.

Fure Handel A/S

- sjå Nikolai Straaken - landhandel.

Isaksen landhandel

Kring 1920 starta bergensaren Isaksen landhandel i Folkestad, og han tilsette Jerke Isaksen, som han var onkel til, som styrar. Butikken vart overteken av Dagny Einen i 1950. Ho dreiv i fem år i den gamle sjøbua til Isaksen før ho bygde nytt bustad- og forretningsbygg i 1956. I 1980 vart det bygt ny butikk, som vart lagt ned i 1992.

Sverre H. Stensæth - handel

starta i 1921 landhandel i Dale, og bygde seinare avdelingar for klær og skotøy.

Forretningsfamiliane Hope, Solheim og Dale

  • Landhandel, ekspedisjon, pakkhus m.m.
  • Handelsstova AS
  • L.J. Sagevik
  • Stjernen Café
  • Fiskematforretning
  • Solheim Snekkerverksted
  • Dale Spesialvarer AS
  • Fjaler Matsenter (Dale Senter ANS)
  • Fjaler ungdomsheim

Handelsstova A/S

- Forretningsfamiliane Hope, Solheim og Dale.

Ole J. Engen

- på folkemunne kalla «Skara- Ola'en» - starta landhandel i Guddalen i 1930, og dreiv til kring 1970.

Dale Samvirkelag

skipa i 1937 m.a. etter opptak frå Oddleif Fagerheim.

Coop Dale BA

- sjå Dale Samvirkelag.

Arne A. Engen

starta landhandel i Guddal i 1939.

Guddal Nærbutikk AS

- sjå Arne A. Engen.

Martin Strand og Hjalmar Tyssedal

starta i 1939 landhandel på Strand. Frå 1941 overtok Martin Strand åleine. Han dreiv også handel med tønner som vart produserte av folk i bygda.

Nils og Laura Lone

starta landhandel ved kaia i Hellevik kring 1950.

Hellevik Daglegvarer

- sjå Nils og Laura Lone.

Joker Hellevik

- sjå Nils og Laura Lone.

Dale Senter ANS

kjøpesenter bygt i Dale i 1988. Bygget er på 2300 kvadratmeter fordelt på tre høgder.

I Dale som så mange andre stader har mykje av handelen flytta inn i handelssenter. Dette er frå første etasje i Dale Senter. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I Dale som så mange andre stader har mykje av handelen flytta inn i handelssenter. Dette er frå første etasje i Dale Senter. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.04.2013