Hopp til innhold
X
Innhald

Leif Hatløy

Anlegget til UFO Laks i 2007. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Anlegget til UFO Laks i 2007. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Leif Hatløy er ein av pionérane i oppdrettsnæringa i Sogn og Fjordane. I 1970 starta han oppdrett av regnbogeaure på Lutelandet. Dårleg lønsemd gjorde at han la ned drifta i 1974, men starta opp att med laks i 1980.

Under firmanamnet UFO Laks AS har han sidan kjøpt opp Hamna Laks AS (sjå dette) på Krakhella i Solund og Port Salar AS (sjå dette) i Storakersundet i Hyllestad.

I 2002 hadde UFO tre oppdrettskonsesjonar, eige lakseslakteri i Korssund og 25 tilsette. I 2007 selde Hatløy oppdrettsdelen til Bolstad Fjordbruk frå Hordaland og la samstundes ned lakseslakteriet i Korssund.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 09.03.2010