Hopp til innhold
X
Innhald

Lillingstonheimen

Lillingstonheimen. Foto: Ottar Starheim,NRK

Lillingstonheimen. Foto: Ottar Starheim,NRK

I 1880 kjøpte den velståande engelske pastoren Claude Lillingston og kona Edith storgarden på Tysse og busette seg der med familien. Garden dreiv dei med paktar.

Huset vart innreia og møblert i ei original blanding av norsk og engelsk stil, og Lillingston-familien tok med seg mange av sine fornemme engelske vanar inn i hushaldet på garden. Dei pleia nær kontakt med det spesielle sosietetslivet som utfalda seg mellom dei gamle «aristokrati-slektene» i Dale på den tida.

Edith og Claude Lillingston i stova på Tysse. Foto: Emmy Falch. ©Fylkesarkivet.

Edith og Claude Lillingston i stova på Tysse. Foto: Emmy Falch. ©Fylkesarkivet.

Pastor Claude Lillingston døydde i 1905 og kona Edith i 1908. I 1909 overtok tre av borna; Laura, Edith og Michael Lillingston eigedomen. Då den siste av syskena, Edith, døydde i 1968, vart sjølve gardsbruket på Tysse overteke av gardspaktaren Olav Konrad B. Tysse, medan det gamle herskapshuset og hagen vart skilt ifrå og testamentert til Fjaler kommune. Lillingstonheimen har sidan vorte driven som museum og som bustad for styrarane av heimen. Omvising skjer etter avtale.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.10.2010