Hopp til innhold
X
Innhald

Målstrid og meinis i Fjaler

I Fjaler, som i mange andre kommunar på den tida, dreia mykje av kommunevalet i 1910 seg om innføring av nynorsk i skuleverk, styre og stell: Riksmålsforeninga i Fjaler hadde mobilisert og såg ut til å få fleirtal. Men nynorsk-tilhengjarane gjorde alt dei kunne for å piske sine til urnene.

Valet var om vinteren, og då nynorsktilhengjarane frå inste bygdene i Dalsfjorden skulle ta båten til Dale for å røyste var fjorden tilfrosen heilt ut til Nishamaren.

Ein hærførar frå nynorskfolket telegraferte då til fylkesmannen og kravde valet utsett til fjordisen hadde løyst seg. Fylkesmannen sende kravet til Justisdepartementet, som sa tvert «nei». Dei hadde sagt nei i ei liknande sak i Finnmark, og kunne ikkje gjere forskjell.

Men dei innefrosne nynorsk-folka innanfrå fjorden let seg ikkje knekkje av meinis på fjorden: Ut på dagen oppdaga folk i Dale at det krydde av folk som kom ned bakkane ved Yksnebjør. Nynorskkjempene innanfrå fjorden hadde hogge seg råk gjennom fjordisen slik at båtane kom seg i land innanfor Nishammaren. Derifrå hadde dei gått over fjellet til vallokalet i Dale!

Kampen mot fjordis og «danemål» enda med siger for nynorskfolket. Dei fekk fleirtal i kommunestyret. Men riksmålsfolket furta og sende klage. Det vart omval, som nynorskfolket vann ved å stille eiga liste.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 16.11.2011