Hopp til innhold
X
Innhald

Med fjøla imellom i Borgen

Borgen, slik huset såg ut i 2007. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Borgen, slik huset såg ut i 2007. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ved elveosen i Dale, ligg eit gamalt, langstrekt hus. Mangeforma vindauge i ulike høgder fortel at huset har vorte påbygt mange gonger. Det eldste tømmeret og vindauge skriv seg frå den gamle kyrkja i Dale, som vart riven og selt på auksjon i 1862.

Dette huset var i gamal tid ein del av eit lite strandsitjarmiljø som vart kalla Borgen, og som låg delvis under Dale gard og prestegarden på Bjergja. I Borgen budde ein bakar, ein fargar - og ein smed som heitte Lasse Anderssen Steien.

- Var denne Anders den første papirlause sambuaren i Dale? I alle fall hadde han ei hushalderske hjå seg som han delte seng med. Då dette kom presten for øyra, ville han vite med Anders om han greidde å leve i sømd og fråhald når han delte seng med tenestejenta.

Borgen, slik huset såg ut i 2007. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Borgen, slik huset såg ut i 2007. Foto: Ottar Starheim, NRK.

- Det går bra det. Eg set ei fjøl imellom, svara Anders.

- Men kva skjer når kjødets lyst tek til å romstere med deg? ville presten vite.

- Då tek eg vekk fjøla! svara Anders.

Åse Fantemor

Etter at Anders var borte, budde blekkmakaren Daniel og kona Laura i nabohuset. Laura har truleg vore modell for ein figur i Jakob Sande sitt dikt «Åse Fantemor». No er det særmerkte huset verna, og eigaren Trygve Heggheim har sett det i god stand som fritidsbustad.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.09.2018