Hopp til innhold
X
Innhald

Mons Grøvlen - handel

Mons Grøvlen frå Sogndal starta landhandel i Dale i 1914. Han hadde tidlegare drive handel i Sogndal i «Grøvlebui» saman med to brør i nokre år før han flytta til Dale og starta handel i Dalstunet.

Henriette Smith

Grøvlen dreiv handelen til like etter 2. verdskrig, då Harald Dale overtok. I 1949 var det bokhandlar Gustav Skår som flytta inn i lokala (sjå Ole Andreas Skår under: Landhandlar i Fjaler).

Henriette Smith

Grøvlen eigde også eit hus der Henriette Beate Smith hadde drive butikk. Ho overtok ein eigedom i Dale i 1877 der ho og mannen Johan Wilhelm Smijohanson dreiv landhandel fram til ca. 1890. Då selde ho eigedomen og etter fleire eigarskifte kjøpte Mons Grøvlen huset i 1914.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 12.10.2010