Hopp til innhold
X
Innhald

Mons Grøvlen

Grøvlenbutikken heldt til i dette huset i Dale. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Grøvlenbutikken heldt til i dette huset i Dale. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Mons Grøvlen frå Sogndal starta landhandel i Dale i 1914. Han hadde tidlegare drive handel i Sogndal i "Grøvlebui" i nokre år saman med to brør før han flytta til Dale og starta handel i Dalstunet.

Grøvlen eigde også eit hus der Henriette Smith hadde drive butikk frå kring 1877. Grøvlen dreiv handelen i Dale til like etter 2. verdskrig, då Harald Dale overtok.

I 1949 var det bokhandlar Gustav Skaar som flytta inn i lokala (sjå firma Ole Andreas Skaar).

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 02.04.2013