Hopp til innhold
X
Innhald

Nikolai Straaken - landhandel

Her på Fure var det butikkdrift til 2000. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Her på Fure var det butikkdrift til 2000. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Nikolai Straaken starta i 1917 landhandel i Snekkevågen på Fure. Han budde i Bergen og hadde i nokre år drive ein butikk i ei bu i Furevika før han flytta til Snekkevågen.

Han døydde like etter at han starta butikken på Fure, og Andreas og Petra Ask tok over. Dei hadde også dampskipskaia og posten, og dreiv fram til Gudrun Kjøsnes tok over i 1940. Kring 1950 vart butikken filial under Askvoll Samvirkelag, som bygde nytt forretningsbygg på Fure i 1952.

I 1957 tok Nikolai Ask over butikken, og frå 1962 dreiv sonen Wilhelm Ask fram til han starta Fure Mekaniske Verksted i 1968. Då overlet han butikken til ekteparet Reidun og Asbjørn Enstad. Dei dreiv butikken under namnet Fure Handel AS fram til 2000, då daglegvaren vart lagt ned, og dei har sidan berre drive handel med gjødsel og kraftfor.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.10.2010