Hopp til innhold
X
Innhald

Nils Landmark

Nils Landmark budde på Leitet. Foto: Asle Veien, NRK.

Nils Landmark budde på Leitet. Foto: Asle Veien, NRK.

Nils Landmark (1844-1923) frå garden Leitet på Tysse. Skipsførar, tollar, misjonær og forfattar.

Drog til sjøs 16 år gamal, navigasjonseksamen i Bergen 1862. Førar av misjonsskipet «Elieser» 1872-1880 som m.a. reiste på misjonsoppdrag til Madagaskar. Tollbetjent i Langesund og Skien 1880-1894, og ved tollkontoret i Stavanger frå 1904 til avskil i 1916.

Gav ut bøkene «Fra Madagaskars Vestkyst» (1884), «Natal, dets Geografi, Næringsveie, Historie etc.» (1884), «Det Norske Missionsselskab, dets Oprindelse og historiske Udvikling, dets Arbeidsmarker og dets Arbeidere» (1889).

Son til Lars Stub Heiberg Landmark og bror til Marie LandmarkEdle Landmark og Barbra Landmark.

Ei av døtrene til Nils Landmark var forfattar Juliane (Juli) Wiborg, som mellom anna gav ut ei mengde barnebøker. Ei anna av døtrene, Edle Solberg, gav i 1965 ut boka I misjonærfart: med kaptein Landmark og Elieser.

Peikar

Edle Solberg: I misjonærfart: med kaptein Landmark og Elieser. Stavanger 1965. Tilgjengeleg i Bokhylla, nb.no

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 08.04.2020