Hopp til innhold
X
Innhald

Nils og Laura Lone

I dette huset vart det drive landhandel frå 1950 til 1980. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I dette huset vart det drive landhandel frå 1950 til 1980. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Nils og Laura Lone starta landhandel ved kaia i Hellevik kring 1950. Nokre år seinare bygde dei kombinert forretnings- og bustadhus. I 1974 tok Laila Einen over butikken og dreiv den under firmanamnet Hellevik Daglegvarer.

Kring 1980 vart det bygd ny butikk oppe ved riksvegen. I 1998 tok sonen Thor Einen over, og selde i 2002 til Ingrid Karin Kjøsnes Eimind som dreiv ei kort tid til Thor Einen vart eigar att. Butikken gjekk konkurs i 2008.

Therese Lone tok over og dreiv butikken under namnet Joker Hellevik, men ho la ned drifta i desember 2012.

Forretninga som vart bygd i 1980. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Forretninga som vart bygd i 1980. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 13.12.2012