Faktaboks

Oddleif Fagerheim
Fødd
20. september 1911, Fjaler, Vestland
Død
11. desember 1999, Fjaler, Vestland
Oddleif Fagerheim
Av /Stortingsarkivet.

Oddleif Fagerheim var lærar og politikar. Politisk stod han langt ute på venstresida i Arbeidarpartiet. Han brann for folkeopplysning og kultur, og ei av hjartesakene hans var nordisk samarbeid.

Fagerheim var fødd i Fjaler i Vestland. Han tok lærarskuleeksamen i 1934 og arbeidde seinare ved framhaldsskulen i heimbygda Dale. Frå 1943 til 1969 var han styrar ved den private Falchs Pensjonat- og Middelskole, og frå 1960 til 1964 var han styrar for den nyskipa ungdomsskulen i Fjaler. Mange elevar minnest han som ein særprega og engasjert lærar og talar.

Den politiske karrieren til Fagerheim tok til i det lokale partilaget til Arbeidarpartiet i 1930-åra, og han var medlem av kommunestyret i Fjaler heilt frå 1937 til 1975. Frå 1966 til 1967 var han varaordfører. Han var leiar i Sogn og Fjordane Arbeiderparti 1948–1950. Fagerheim engasjerte seg òg i avhaldsrørsla og var leiar i Arbeidernes avholdslag 1931–1940.

Frå 1969 til 1981 var han stortingsrepresentant. Fagerheim utgjorde eit radikalt uromoment i Arbeidarpartiet. Han hadde studert sosialisme i Sverige, var motstandar av NATO og norsk EU-medlemskap og engasjerte seg sterkt i miljøspørsmål. Ved stortingsvalet 1989 stilte han som toppkandidat for Miljølista, utan å komme inn. Etter dette vart han ekskludert frå Arbeidarpartiet.

Fagerheim hadde fleire studieopphald i Danmark og Sverige for å studere frivillig folkeopplysningsarbeid. Han og kona gav bort eigedommen sin på Dalsåsen i Fjaler til Nordisk Råd for at det skulle byggjast ein nordisk folkehøgskule der. I staden kom Nordisk Kunstnarsenter, som vart opna i 1998. Fagerheim var ein framståande formidlar av Jakob Sande si dikting.

I 1991 fekk han Sogn og Fjordane sin fylkeskulturpris.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg