Hopp til innhold
X
Innhald

Ole Fauske

Fjaler Bakeri og Konditori. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fjaler Bakeri og Konditori. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ole Fauske frå Bygstad starta kring 1910 bakeri i Dale som leverte bakverk til fleire forretningar i Dalsfjord-regionen. Sonen Reinhart tok over noko seinare. Han vart gift med Torborg Forthun, og då Fauske døydde, gifta ho seg opp att med Alfred Thomassen, bror til bakar Thomas O. Thomassen (sjå denne under Einar Nitter).

Torborg og Alfred dreiv bakeriet vidare. Under krigen vart bakeriet rekvirert av tyskarane som sette polske fangar til å drive bakeriet. Eigarane sidan har vore Per Henning Helle, Reidar Johannessen, Bygstad og Magnus Løvik.

Det heiter no Fjaler Bakeri og Konditori ANS. Bakeriet heldt til i det gamle meieribygget i sentrum, men firmaet la ned bakeridelen i mars 2010, og i oktober same året vart og konditoriet lagt ned.

Firmaet driv motell i tredje etasje i Dale Senter.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 27.10.2010