Hopp til innhold
X
Innhald

Per Norddal

(1919-2001) frå Dale, busett i Førde. Kontorsjef og organisasjonsmann.

(1919-2001) frå Dale, busett i Førde. Kontorsjef og organisasjonsmann.

Arbeidde som politimann under krigen. Arrestert 20.08.1943, overført Bergen, overført Grini 21.11.1943, overført Stutthof 9.12.1943.

Deltok som fange på ei skrekkferd i Austersjøen med 1400 fangar stua saman på ein lekter. Mange døydde ombord. Andre hoppa desperate på havet og drukna før lekteren gjekk inn til Flensburg, der Norddal og andre vart berga av Røde Kors.

Norddal arbeidde ved Fylkeslandbrukskontoret i Førde, og som mangeårig formann i Sogn og Fjordane Røde Kors la Norddal ned eit stort arbeid for bygging av Hauglandsenteret.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 15.11.2011