Hopp til innhold
X
Innhald

Posten i Fjaler

Jane Noven er mellom dei som syter for at folk får posten sin i Fjaler. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Jane Noven er mellom dei som syter for at folk får posten sin i Fjaler. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dale

Sveen i Bygstad fekk det første postopneriet ved Dalsfjorden i 1787 i samband med at postruta langs Den trondhjemske Postvei vart starta. Forklaringar på denne første plasseringa av postopneriet kan vere at det på denne tida sat mektige folk frå Rennord-slekta på handelssetet Sveen, med band til dei som rådde på storgarden Osen. - Les meir om dette under Gaular kommune i artikkelen: Skysstasjonen og handelssetet Sveen.

Dei første åra var postadressa «Sveen i Indre Holmedal», i 1812 berre «Sveen», og så endra tilbake til «Sveen i Indre Holmedal» i 1833. Men i 1837 vart dette postopneriet på Sveen flytta til Dale og fekk adressa «Dale», og mest sannsynleg var det korpssmed Bartold Vonen som var første postopnaren der. I 1883 vart postadressa endra til «Dale i Holmedal». I 1892 vart det endra til «Dale i Søndfjord», og i 1921 til «Dale i Sunnfjord». I 1973 vart det underpostkontor.

I huset til venstre var postkontoret i Guddal. Foto: Stein Magne Os, NRK.

I huset til venstre var postkontoret i Guddal. Foto: Stein Magne Os, NRK.

Guddal

fekk postopneri i 1873 med lærar Jens J. Kalstad som første styrar. Det endra status til underpostkontor i 1973, til postkontor C i 1977 og vart lagt ned i 1996.

Korssund

fekk postopneri i 1876 med gardbrukar Anders C. Nordstrand som første styrar. I 1894 overtok kjøpmann Johan R.O. Skaar som styrar. I 1890 endra ein stavemåten frå «Korsund» til «Korssund». I 1973 vart Korssund underpostkontor og i 1977 postkontor C.

Leitet

fekk postopneri ved dampskipskaia i Fagervik i 1893, og med frøken Edle Landmark som første styrar. Postopneriet vart lagt ned i 1968 og innordna under Flekke i Sunnfjord.

Postkontoret på Straumsnes i 1992. Kontoret vart lagt ned i 1996. Foto: Stein Magne Os, NRK.

Postkontoret på Straumsnes i 1992. Kontoret vart lagt ned i 1996. Foto: Stein Magne Os, NRK.

Straumsnes

Holmedal sokn fekk postopneri i 1860, men dette vart frå starten lagt på Straumsnes på sørsida av fjorden hjå den første handelsmannen på Arstein/Straumsnes, J. Aagesen. Postadressa «Holmedal» vart flytta til sin rettmessige stad nordafor Dalsfjorden i 1893, og samstundes vart Straumsnes omgjort til brevhus med poststempel «Strømsnes i Holmedal». I 1910 vart dette kontoret omgjort til postopneri under adressa «Strømsnes i Søndfjord», og med handelsmann H.H. Hægland som første styrar. I 1921 vart adressa «Straumsnes i Sunnfjord» og i 1975 berre «Straumsnes». Det vart lagt ned som postkontor i 1996 og heilt avvikla i 2000.

Strømsnes i Holmedal

– sjå Straumsnes.

David Hustveit vart postopnar i Flekke etter å ha vore ei tid i USA. Foto: The Sproule Studio, Montana, USA. © Fylkesarkivet.

David Hustveit vart postopnar i Flekke etter å ha vore ei tid i USA. Foto: The Sproule Studio, Montana, USA. © Fylkesarkivet.

Flekke

fekk brevhus i 1899 med dampskipsekspeditør Mons D. Huustvedt som styrar. I 1905 vart det omgjort til postopneri med namnet Flekke i Søndfjord. I 1921 vart adressa Flekke i Sunnfjord. Det vart underpostkontor i 1973, postkontor C i 1977 og nedlagt i 1998. I 1890 vart det starta ei landpostbodrute ein gong i veka mellom Dale, Flekke og Haugland.

Gjølanger

fekk postopneri i 1893 med dampskipsekspeditør Torgeir N. Hellevik som første styrar. Postkontoret låg først på garden Hellevik, men vart seinare flytta til forretninga til Nils A. Lang. I 1973 fekk det status som underpostkontor, i 1977 som postkontor C, og i 1986 vart adressa endra til Hellevik i Fjaler.

Loneland

fekk brevhus i 1901. Det vart lagt ned i 1968 og innordna under Flekke i Sunnfjord.

Nautsund

ved Hovlandsvatnet fekk brevhus i 1901. I 1919 vart det omgjort til postopneri med gardbrukar Østen A. Nødsund som første styrar. Kontoret vart lagt ned i 1968 og innordna under Flekke i Sunnfjord.

Hovlandsdal

fekk brevhus i 1902. Brevhuset vart lagt ned i 1968 og innordna under Flekke.

Sørebø

i Guddalen fekk brevhus i 1908 med adresse «Sørebøen». I 1933 vart dwette endra til «Sørebø». Brevhuset vart lagt ned i 1968 og innordna under Guddal.

Gjølanger mylna

(mølle) fekk eige brevhus i 1943 med den tidlegare skipsreiaren Erik Grant Lea som styrar. Brevhuset vart lagt ned i 1971.

Fure

fekk postopneri i 1929 med dampskipsekspeditør Andreas W. Ask som første styrar. I 1973 fekk det status som underpostkontor og i 1977 som postkontor C. Det vart lagt ned i 1994 og innordna under Hellevik i Fjaler.

Heimtun

fekk brevhus i 1952. Det vart lagt ned i 1968 og innordna under Dale i Sunnfjord.

Folkestad

Folkestad, eller «Bygdevågen» som postadressa var, fekk brevhus i 1954. Brevhuset vart lagt ned i 1967 og lagt under Korssund postkontor.

I 2010 får alle innbyggjarane i Fjaler posttenestene sine i butikk, som her i Korssund Handel. Foto: Arild Nybø, NRK.

I 2010 får alle innbyggjarane i Fjaler posttenestene sine i butikk, som her i Korssund Handel. Foto: Arild Nybø, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.10.2010