Hopp til innhold
X
Innhald

Private gravstader

I Sogn og Fjordane finst nokre få private gravstader.
Den mest kjende private gravstaden er «Fredensborg» for Landmark-slekta på Tysse i Fjaler.

Elles har Holmøy-familien ved tidlegare Holmøy Arbeidsskule ein privat gravstad på ein holme i Hornindalsvatnet, og ved Osen gard i Gaular ligg den private gravlunden til familien Storm.

I 1914 fekk Anders Hansen Sørevik løyve til å opprette familiegravstad på garden i Sørevikane på Høyanger sørside.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 24.11.2008