Hopp til innhold
X
Innhald

Ragnhild Falch

Ragnhild Falch. Foto: Thora Nitter Fagerheim.

Ragnhild Falch. Foto: Thora Nitter Fagerheim.

Ragnhild Falch (1878-1961) frå Dale. Lærar og skulestyrar. Ragnhild Falch arbeidde frå 1896 som lærar ved pensjonatskulen som stemora Willa Falch starta i Dale i 1888 - Falchs Pensjonat- og Middelskole.

Ragnhild Falch hadde middelskuleeksamen frå Sofie Lindstrøms Pigeskole i Bergen, og tilleggsutdanning frå Tyskland. Ho tok over som eigar av skulen i 1918.

Skulen hadde årleg kring 15 elevar. Til skulen på Sjøhaug høyrde det også til fjøs med kyr og høns. Ho dreiv skulen til 1943. Den vart ført vidare med Oddleif Fagerheim som styrar. Falch dreiv skulepensjonatet til 1948. For 50 års skuleinnsats vart ho tildelt Kongens fortenestemedalje og ein eigen statspensjon.

Ragnhild Falch saman med stemora Willa Falch på Yksnebjør i 1910. © Fylkesarkivet.

Ragnhild Falch saman med stemora Willa Falch på Yksnebjør i 1910. © Fylkesarkivet.

Huset på Granholt ved Sjøhaug i dag er ein kopi av det gamle bygget til Falchs Pensjonat- og Middelskole som brann ned i 1986. Foto: Arild Nybø, NRK.

Huset på Granholt ved Sjøhaug i dag er ein kopi av det gamle bygget til Falchs Pensjonat- og Middelskole som brann ned i 1986. Foto: Arild Nybø, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 15.11.2011