Hopp til innhold
X
Innhald

Thora Wettergren

Thora Wettergren (1859-1950) frå Tysse, busett i Dale. Industrileiar, pensjonateigar og lærar.

Thora Wettergren (1859-1950) frå Tysse, busett i Dale. Industrileiar, pensjonateigar og lærar.

Ho var dotter av sakførar Johan Wettergren som busette seg på garden Fagervik ved Tysse i 1865. Han kjøpte i 1885 ein parsell frå den gamle sorenskrivargarden på Ynskjebjør i Dale. Frå dei nedlagde Grimelid gruver - Grimmelid Kobberværk ved Stongfjorden kjøpte han direktørbustaden og sette den opp som bustadhus på Yksnebjør.

På Yksnebjør starta Thora Wettergren sommarpensjonatet «Skovly», som ho dreiv saman med systera. (Sjå Skovly pensjonat). Ho var i tillegg lærar ved Nikka Vonens jenteskule på Steia.

Thora Wettergren (i midten) saman med familien på Yksnebjør i 1906. © Fylkesarkivet.

Thora Wettergren (i midten) saman med familien på Yksnebjør i 1906. © Fylkesarkivet.

Industrigründeren Industrigründeren Johan Jensen|Johan Jenssen frå Holmedal starta Dale Kloggfabrik i 1899. I 1911 vart denne fabrikken omskipa til A/S Jarl Skofabrikk og Thora Wettergren vart tilsett som disponent. Ho vart dermed den første kvinnelege industrileiaren i Sogn og Fjordane. Ho leia fabrikken fram til 1918.

Thora selde «Skovly» til Willy Gilbert i 1917. Sidan har huset vorte kalla «Gilbert-huset».

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.11.2011