Hopp til innhold
X
Innhald

Torvkol-uttak på Fure

Her på Fure vart det henta torv til torvkolproduksjonen i Stongfjorden. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Her på Fure vart det henta torv til torvkolproduksjonen i Stongfjorden. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

I 1897 bygde overrettsakførar Kristian Faye frå Bergen og fabrikkeigar Peder Jebsen frå Dale i Hordaland ein torvkolfabrikk i Stongfjorden - British Aluminium Company .

Dei hadde sikra seg ei torvmyr på Fure på sørsida av Vilnesfjorden, og satsa på brenning av torvkol. Torvkolproduksjonen var lite lønsam, og etter kort tid la Stongfjord-fabrikken om til jodproduksjon. Råstoffet til denne var tang og tare, som folk langs heile kysten skar for fabrikken (sjå: Tangskjering og taretråling under Solund kommune).

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.10.2010