Hopp til innhold
X
Innhald

Trygve Heggheim

Trygve Heggheim. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Trygve Heggheim. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Trygve Heggheim fødd 1935 i Dale, busett i Leikanger. Fylkeskartsjef i Sogn og Fjordane. Jordskiftekandidat frå NLH 1961.

Har m.a. arbeidd ved Statens Vegvesen i Hordaland og ved statskraftverka i Eidfjord før han i 1977 vart leiar ved det nyskipa Statens Kartverk, Sogn og Fjordane.

Har elles hatt ei rad faglege og organisatoriske tillitsverv innan Statens kraftverk og vore leiar i NIF Sogn og Fjordane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.08.2011