Hopp til innhold
X
Innhald

Willa Falch

Willa Falch i 1880. © Fylkesarkivet.

Willa Falch i 1880. © Fylkesarkivet.

Wilhelmine Smith Falch (1846-1918) fødd i Kvikne i Østerdalen, men kom til Dale saman med familien i 1851 då faren vart prest der. Lærar og skulestyrar.

Ho vart i 1882 gift med Johannes Falch, som hadde vore lensmann i Fjaler før han i 1876 vart lensmann på Austlandet. Då han døydde i 1887, flytta Willa til Dale, der ho hadde hatt ein stor del av oppveksten som dotter til sokneprest Petter Lorentz de Ferry Smith.

Johannes Falch, mannen til Willa. © Fylkesarkivet.

Johannes Falch, mannen til Willa. © Fylkesarkivet.

Ho hadde m.a. gått guvernanteskule i Oslo, og vart tilsett som lærar ved Nikka Vonens «pigeinstitutt» i Dale.

I 1889 starta Willa Falch eigen pensjonatskule for gutar i Dale - Falchs Pensjonat- og Middelskole. I 1891 bygde ho eige skulebygg med pensjonat for elevane. Elevane kom frå heile landet, og var gutar i alderen 10-13 år. Frå 1896 vart stedottera Ragnhild Falch lærar ved skulen. Ragnhild Falch tok over som eigar av skulen i 1918.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 02.04.2013