Hopp til innhold
X
Innhald

A. Haave AS

A. Haaves notbøteri. Foto: Kåre Botnmark. Eigar: Vest Foto/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

A. Haaves notbøteri. Foto: Kåre Botnmark. Eigar: Vest Foto/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Abraham Haave starta 1892 som forretningsmann i Florø, og tok m.a. til med eksport av sild og fisk.

Han bygde den kjende Haave-bua i sentrum, kjøpte fiskedampskipet «Kinn» i 1894, og hadde forretningar i Brønnøysund og på Island. I tida frå 1899 til 1903 var han medeigar i fleire havgåande fiskedampskip. – Les meir om dette under Fiskerihistoria, artikkelen Ny oppgangstid i sildefisket.

Han var medskipar av Fjordenes Kreditbank 1902, og medeigar i Florø Sildoljefabrikk, grunnlagt 1910 (Sjå Sildoljefabrikkane.) Abraham Haave var den første i Florø som installerte gassbelysning i eigedomane sine då han i 1903 kjøpte eit lite acetylgassverk som gav lys til både sjøbu og privathus.

Haavebua er bygd om til konferansesenter for Quality Hotel Florø. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Haavebua er bygd om til konferansesenter for Quality Hotel Florø. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Første fryseriet i fylket

A. Haave A/S bygde også Florø Fryseri i 1930. Dette var det første skikkelege fryseriet i fylket, og det einaste mellom Bergen og Stavanger (Bergens Kjøleanlegg vart bygd like etter Florø Fryseri). Fryseriet i Florø hadde kapasitet på 2400 kassar frosen sild i døgeret og sysselsette mellom 40 og 50 personar då det var nytt. I 1931 leverte fryseriet 25.000 kassar frosen sild, men ismangel og mangel på eige kjøleanlegg gjorde at produksjonen gjekk mykje ned seinare på 1930-talet.

Haavehuset. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Haavehuset. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 12.05.2010