Hopp til innhold
X
Innhald

A. Vasbotten

A. Vasbotten reiste dette forretningsbygget, men selde det i 1907 til Peder Stenseth. Foto: Ottar Starheim, NRK.

A. Vasbotten reiste dette forretningsbygget, men selde det i 1907 til Peder Stenseth. Foto: Ottar Starheim, NRK.

A. Vasbotten starta i 1869 forretning i Florø. Det var ektemaken, som også var jordmor, som for det meste styrde forretninga. Sonen deira, A. Vasbotten, tok over då faren døydde. Ein annan son som heitte Martin, dreiv si eiga forretning litt lengre borte i Strandgata i nokre år.

Vasbotten-familien bygde eit stort forretningsbygg ved Strandgata like ved Amtskaia. Dette bygget vart i 1907 selt til Peder Stenseth.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.11.2009