Hopp til innhold
X
Innhald

Abraham Haave

Abraham Haave (1862-1948) frå Stavang. Kjøpmann og politikar i Florø. Son til den kjende haugianaren Anders Haave. Abraham Haave var ei tid m.a. kst. lensmann i Eid før han starta forretning i Florø i 1892. Var i ein mannsalder ein leiande forretningsmann i Florø, og ordførar i to periodar. Han dreiv fiskedampskips-selskap med dampskipet «Kinn» frå 1894, og vart saman med m.a. Elias A. Olsen medeigar i fleire moderne fiskedampskip som vart kjøpte inn til nyskipa havfiskeselskap i Florø i åra 1899–1903. Haave dreiv stort med eksport av sild og fisk. Han bygde tønnefabrikk, og dreiv kol-og trelastforretning. Han dreiv også forretningar på Island og i Brønnøysund.

Slik såg den staselege Haavebua i Florø ut etter restaurering i <br>1994 - før Quality Maritim Hotel vart bygt.<br> (Foto: Robert Reinlund, NRK)

Slik såg den staselege Haavebua i Florø ut etter restaurering i
1994 - før Quality Maritim Hotel vart bygt.
(Foto: Robert Reinlund, NRK)

Medskipar av Helle Teglverk i Holmedal (sjå Teglverk i Askvoll) i 1895 og Fjordenes Kreditbank i Florø 1902. Som formann i hamnestyret fekk han bygd Fugleskjerkaia (1919), og var med i byggjekomiteen for rådhuset (1903). B

ygde m.a. den kjende Haavebua i sentrum av byen, og hadde store eigdomar i Hesteneset. Ved krakket i 1928 var han nær konkurs, men berga seg og gjorde i 1937 om selskapa sine til A.Haave AS. Son til haugianaren .

Sjå også: Fiskerihistoria i Flora

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.06.2010