Hopp til innhold
X
Innhald

Aksel Hovland

Aksel Kristofferson Hovland (1895-1990) frå Eikefjord, busett i Dale. Bøkkar og fabrikkeigar.

Utlærd bøkker heime i Eikefjorden, der faren Kristoffer (sjå denne) m.a. dreiv tønnefabrikk. Flytta til Dale i 1921 og starta i 1927 Hovland & Rakneberg Tønnefabrikk|Hovland & Rakneberg tønnefabrikk saman med svogeren Magnus Rakneberg (sjå denne - Fjaler kommune). Fabrikken vart bygd ut til den nest største tønnefabrikken langs Dalsfjorden.

Hovland var dagleg leiar ved verksemda og hadde leiande styreverv innan Norske Tønneprodusenters Landsforening. Han var medlem av kommunestyret og var også ei tid ordførar i Fjaler. Også broren Ola Hovland flytta til Dale og starta stor tønnefabrikk.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.08.2018