Hopp til innhold
X
Innhald

Alfred Trovik Bakeri og Konditori

Alfred Trovik med dei første brøda med kveitemjøl etter krigen.

Alfred Trovik med dei første brøda med kveitemjøl etter krigen.

Alfred Trovik Bakeri og Konditori vart grunnlagt 1908 av Andreas Trovik.

Alfred Trovik Bakeri og Konditori vart grunnlagt 1908 av Andreas Trovik.

Andreas var også medskipar i Florø Sildoljefabrikk i 1910 (sjå Sildoljefabrikkane), hadde fleire fiskebåtar og dreiv skipshandel. Sonen Alfred overtok bakeriet i 1920, sysselsette over 10 tilsette, og hadde i dei rike sildeåra på 1950-talet store leveransar m.a. til fiskeflåten. Bakeriet vart avvikla på 1980-talet.

Forretningseigedomane til familien Trovik i sentrum inneheld også den kjende Kaféen Kakebua, som har vore driven av Jørund Utne Trovik.

Trovikhuset. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Trovikhuset. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.10.2011