Hopp til innhold
X
Innhald

Amtsskulen i Florø

Elias M. Hole var styrar for amtsskulen dei første åra.

Elias M. Hole var styrar for amtsskulen dei første åra.

I 1875 vedtok fylkestinget å skipe amtsskular.

I 1876 kom den første amtsskulen i drift på Apalset i Gloppen (sjå Gloppen kommune), etter at denne kommunen vann tevlinga med Kinn, Stryn og Eid om å bli vertskommune. Nordfjordingane argumenterte m.a. med at Sunnfjord nyleg hadde fått Mo Jordbruksskule i Førde og skulle få husmorskule i Holmedal (sjå Skular i Askvoll). No var det Nordfjord sin tur.

Florø vann

Men alt året etter vedtok fylkestinget å skipe amtsskule i Sunnfjord. Denne kom i gang i Florø hausten 1877. Ein markant skulestyrar dei første åra var Elias M. Hole frå Sykkylven, som i tillegg til rektorstillinga ved amtsskulen m.a. var ordførar, banksjef og redaktør.

Flytta til Førde

Frå 1886 til 1891 heldt amtsskulen til i Førde. Og medan skulen var der, tok like godt redaktør Hole med seg avisa si «Nordre Bergenhus Amtstidende» dit (sjå Aviser og media i Førde) og trykte og gav ho ut frå Førde. På grunn av ei ny skulelov og nye statlege tilskotsordningar vart amtsskulen for Sunnfjord nedlagd i 1891 medan han var i Førde. Amtsskulen for Nordfjord, som då heldt til i Innvik (sjå Stryn kommune), fekk halde fram ei tid.

Nådetid

Men skulen i Florø fekk likevel ei ny nådetid nokre år: I 1892 skulle fylkestinget avgjere stadvalet for den eine amtsskulen som Fjordane skulle få ha att etter at statstilskota hadde skrumpa inn. Valet stod mellom Eid og Florø, og Florø vann. Amtsskulen vart verande i Florø til 1900, då den vart flytta til Nordfjordeid, der kommunen lokka med nye skulelokale. Der vart fylkesskulen etter nokre år ført vidare som Fjordane folkehøgskule. Men også i Florø vart det frå 1921 drive ein fylkesskule, men denne er betre kjend som Fiskarfagskulen i Florø.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 31.05.2010