And. Haave landhandleri

And. Haave landhandleri i Stavang. Foto: Ottar Starheim, NRK.
And. Haave landhandleri i Stavang vart skipa i 1911 av Anders Haave, som slekta etter den kjende haugianaren og forkynnaren Anders Haave frå Naustdal.
Verksemda utvida seinare m.a. med høvleri og trelastforretning, og butikken vart driven av familien Haave fram til 2012. Då kjøpte søskena Frank Sørdal, Ida Sørdal og Anita Sørdal Kårstad forretninga saman med Sverre Farsund. Namnet vart endra til Nærbutikken Stavang Landhandel.

Det er bygt mange hytter i Stavang, og hyttefolket er ein viktig del av kundegrunnlaget til butikken. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 30.04.2014