Hopp til innhold
X
Innhald

Anders Ananias Andersson Hammerseth

Anders Ananias Andersson Hammerseth (1897-1988) frå Askrova. Bonde og Høgre-politikar. Hammerseth var ordførar i Kinn i fleire periodar og stortingsrepresentant 1937-1945.

Han vart arrestert av tyskarane 1943 og sat i tysk fangenskap til krigsslutt 1945. Han vart då gjeninnsett i alle sine offentlege stillingar i heimlandet, og var m.a. formann i fylkesrådet for Heimevernet, og hadde tillitsverv i skyttar- og fiskeriorganisasjonar.

Tildelt Kongens fortenestemedalje i gull i 1957.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 22.11.2013