Hopp til innhold
X
Innhald

Ankerløkken-eventyret

Skipsverftet har i mange år vore ein av berebjelkane i næringslivet i Flora. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Skipsverftet har i mange år vore ein av berebjelkane i næringslivet i Flora. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ankerløkken-eventyret starta i Florø i 1949 og enda med hjørnesteinsbedrifter i både Flora og Førde.

Snøplogar først

Ole E. Aaserud frå Hamar er utan samanlikning den største industribyggjaren i Sogn og Fjordane. I 1949 etablerte han seg med ein liten mekanisk verkstad i Florø, og i løpet av dei neste 30 åra bygde han opp to store skipsverft som vart berebjelkar for veksten både i Florø og Førde. På det meste hadde dei to skipsverfta over 1000 tilsette, og skapte stor aktivitet m.a. med underleveransar frå andre verksemder i distriktet.

Ankerløkken-namnet kom frå ein stad på Hamar der far til Ole Aaserud, Peder, i 1927 bygde smie og reparasjonsverkstad. Ole Aaserud tok over like etter 2. verdskrig og fekk m.a. kundar på Vestlandet for vegskraper og snøplogar som han produserte. Det var desse produkta han først produserte då han etablerte seg i Florø i 1949 på ei 27 da. stor tomt som kommunen stilte gratis til rådvelde.

Fiskebåten Solskjær blir sjøsett frå Ankerløkken verft i 1955. Båten var eigd av Sjong-reiarlaget i Måløy. Foto: Kåre Botnmark. Eigar: Vest Foto/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Fiskebåten Solskjær blir sjøsett frå Ankerløkken verft i 1955. Båten var eigd av Sjong-reiarlaget i Måløy. Foto: Kåre Botnmark. Eigar: Vest Foto/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Frå plogar til skip

Sildeeventyret gjorde at Aaserud tidleg la om produksjonen til skipsbygging og skipsreparasjonar. Første skip frå beddingen var fiskebåten «Hoddevik» i 1952. Fiskefarty var spesialiteten dei første 20 åra, og verftet fekk kundar så langt unna som i Kuwait. I 1968 vart det bygt ny bedding i Gaddevågen i Florø, og i 1971 kom det store skipsverftet på Øyrane i Førde; Ankerløkken Verft Førde.

Ankerløkken verft bygde mange ferjer. Her er Fylkesbaatane si ferje Davik i sitt rette element for første gong. Foto: Kåre Botnmark. Eigar: Vest Foto/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Ankerløkken verft bygde mange ferjer. Her er Fylkesbaatane si ferje Davik i sitt rette element for første gong. Foto: Kåre Botnmark. Eigar: Vest Foto/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Frå suksess til ruin

Ankerløkken hadde på 1970-talet stor suksess med ein spesiell type tankskip. Desse var så store at dei vart bygde i to delar: Framparten i Førde og bakparten i Florø, desse vart etter sjøsetting sveisa saman. Medan andre verft sleit etter oljekrisa midt på 1970-talet, sat Ankerløkken med fulle ordrebøker. Det kom difor som eit sjokk i Sunnfjord då det i 1979 vart kjent at Ankerløkken var i alvorlege økonomiske vanskar.

Ole Aaserud vart regelrett skyssa på dør, og tidlegare general Gunnar Giljarhus vart engasjert som «ryddegut». Etter fleire statlege redningspakkar og iherdige forsøk på å kome inn på vedlikehaldsmarknaden for oljeriggar, gjekk Ankerløkken-konsernet konkurs i 1985.

Konkurs-gribbar og redningsmenn

Etter konkursen gjekk Sunnfjord-verfta inn i ei uroleg tid med fleire eigarskifte. Brørne Tore og Bjørn Kjos frå Oslo var ei tid inne og freista å «slakte» konsernet, men mislukkast. Det stabiliserte seg då eit ingeniørselskap med utgangspunkt i Bismo i Gudbrandsdalen kom inn som eigarar. Denne gruppa engasjerte seg først og fremst i Florø.

Arbeidarar inne i verftshallen i Florø. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

Arbeidarar inne i verftshallen i Florø. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

Det tidlegare verftet vart døypt om til Florø Industripark. Der vart det drive ulik produksjon til oljeindustrien, men i langt mindre omfang enn i stordomstida på 1970-talet. I 1989 kjøpte verftseigar John Kleven frå Ulsteinvik dei to skipsverfta i Sunnfjord. Han hadde nokre år tidlegare kjøpt seg inn i det konkursråka Løland Verft i Leirvik. Etter kort tid selde Kleven verfta i 1991 til Kværner-konsernet, som samordna dei to Sunnfjord-verfta under leiinga i Florø. Til no hadde dei to verfta vore to sjølvstendige selskap. No vart Førde-verftet heitande Kværner Florø - avdeling Førde.

Aker Yards i Florø i 2007. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Aker Yards i Florø i 2007. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kværner inn - og ut

Etter ein sterk vekstperiode kom Kværner-konsernet i store økonomiske vanskar på slutten av 1990-talet. Konsernsjef Erik Tønseth vart kasta, og Kjell Almskog tok over som «ryddegut». Han selde unna mange skipsverft i 1999, mellom desse verfta i Florø og Førde. Kjøpar var på nytt Kleven-gruppa i Ulsteinvik. I 2000 hadde dei to verfta over 500 tilsette. I 1996 vart ei ny overbygd tørrdokk teken i bruk i Florø, og den gamle beddingen mot den trange Gaddevågen vart lagd ned. Overbygget på tørrdokka har vorte eit landemerke i Florø.

Eitt av mange kjemikalietankskip som er bygde i Florø, Bow Firda. Foto: NRK.

Eitt av mange kjemikalietankskip som er bygde i Florø, Bow Firda. Foto: NRK.

Masseoppseiingar - så nye oppdrag

Sviktande ordretilgang førde i 2003 til masseoppseiingar i Florø og nedlegging av produksjonen ved anlegget i Førde. Ei investorgruppe i Førde tok over bedding og bygningar med tanke på utnytting til andre føremål. Men marknaden betra seg i 2005, og Kleven-verfta sikra seg byggjeoppdrag på fleire kjemikalietankskip til ein verdi av 1,7 milliardar kroner. Dette førde til ny aktivitet både i Florø og Førde, der Kleven leigde skipsverftet frå investorgruppa for å nytte det til delproduksjon av skipa. I 2005 hadde Kleven Florø ei omsetning på 350 millionar kroner.

Røkke tek over

I juni 2006 var det klart for eit nytt eigarskifte for verfta i Florø og Førde: Då overtok Akers Yards med hovudaksjonær Kjell Inge Røkke dei to selskapa Kleven Florø og Kleven Design for 60 millionar kroner. Men året etter, i 2007, trekte Kjell Inge Røkke med sitt Aker-konsern seg ut ved å selje alle aksjane sine i Aker Yards som då hadde 20.000 tilsette ved 17 verft kringom i verda. Aker-posten i Aker yards var på 40 prosent.

STX Norway Florø i 2011. Foto: Egil Aardal.

STX Norway Florø i 2011. Foto: Egil Aardal.

Koreanske eigarar og nedbemanning

I 2007 kjøpte den koreanske industrigruppa STX 39,2 prosent av aksjane i Aker Yards og fekk dermed såkalla negativ kontroll over selskapet. Verftet fekk då namnet STX Norway Florø AS. Men finanskrisa og aukande konkurranse frå utanlandske verft gjorde at Florø-verftet ikkje fekk nye skipskontraktar. I mars 2010 vart det siste kjemikalietankskipet levert til reiarlaget Stolt-Nielsen, og talet på fast tilsette vart redusert til 60. Det siste skipet, "Stolt Breland" var bygg nummer 154 ved verftet. STX Norway Florø AS satsa etter dette på å livnære seg som reparasjons- og vedlikehaldsverft, mellom anna for offshorefarty.

Utrusting av stort skip

I oktober 2011 fekk verftet i Florø på ny eit skip å byggje på. Eit offshoreskip bygt i Kina vart slepa til Florø for å bli utrusta der. Dette gir STX Florø arbeid i nesten eitt år, og talet på eigne tilsette auka til 122. I tillegg var det i periodar over 300 leigearbeidarar. Hausten 2011 kunngjorde verftsleiinga at det skal investerast mellom 70 og 100 millionar kroner, m.a. i ei utviding av kaia for å kunne ta imot to oljeriggar samstundes.

Bok om verftet

I 2010 kom det ut ei bok om historia til verftet – ”Frå verkstad til verft – historia om Ankerløkken og skipsverftet i Florø”, skriven av Magnus Helge Torvanger.

På norske hender igjen

I desember 2012 selde STX Europe verftet i Florø til Westcon Group AS med base i Ølensvåg i Nord-Rogaland. Dermed vart det endå eit nytt namn på verftet – Westcon Yard Florø. Med på kjøpet vart og STX Norway Design Florø AS.

I 2014 fekk Westcon Yards i Florø sitt første oppdrag innan offshore: Verftet skal klargjere plattformdekket til Valemon-plattforma, som vart bygd i Sør-Korea.

I oktober komoffshoreskipet

I oktober komoffshoreskipet

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.06.2015