Hopp til innhold
X
Innhald

A/S Florø Conservesfabrik

Hermetikkfabrikken var ein viktig arbeidsplass - særleg for kvinner. Foto: Frode Klokkernes.

Hermetikkfabrikken var ein viktig arbeidsplass - særleg for kvinner. Foto: Frode Klokkernes.

Den store hermetikkfabrikken i Hesteneset var lenge den største arbeidsplassen i Florø, og var eit landemerke ved hamna heilt til den brann ned i 1969. Den gjenreiste fabrikken fekk eit kort tilvere som hermetikkfabrikk, men fekk seinare ein viktig rolle i den nye kystnæringa – laskeoppdrett.

A/S Florø Conservesfabrik vart starta i 1908 av Einar Haugsvik m.fl. frå Bergen og skipsreiar Elias A. Olsen frå Florø. I 1910 vart fabrikken slegen saman med United Sardines Factory i Bergen. Selskapet bygde ein stor fabrikk i mur i Hesteneset. Dette var den største hermetikkfabrikken i Sogn og Fjordane og den største arbeidsplassen i Florø med 160 tilsette. Den la ned all slags fiskehermetikk, og produserte mykje av emballasjen sjølv.

Florø Conservesfabrik.

Florø Conservesfabrik.

Fabrikken vart lagd ned tidleg på 1930-talet. Hermetikkfabrikanten Johan Gotteberg frå Måløy kjøpte anlegget i 1937. Han og familien dreiv til ut på 1950-talet, då nye eigarar tok over drifta under firmanamnet Florø Hermetikkfabrikk. I 1965 overtok hermetikkkonsernet Chr. Bjelland.

I 1969 vart fabrikken totalskadd av brann. Ny fabrikk stod ferdig i 1972, men nett på den tida kom den store krisa i for norsk hermetikkindustri. Eksporten svikta, og ei mengd fabrikkar langs kysten vart lagde ned. Det før så mektige Bjelland-konsernet var eitt av dei som fekk svi.

For å berge både Bjelland-fabrikken i Florø og annan norsk hermetikkindustri gjennom krisa på 1970-talet, vart dei norske fabrikkane samla i Norway Foods. Fabrikken i Florø vart likevel stengd i 1987. I 1988 overtok Domstein-konsernet i Måløy eigedomen og bygde den ut til lakseslakteri under namnet Florø Fiskeindustri.

Ferdige hermetikkboksar blir heisa på plass.

Ferdige hermetikkboksar blir heisa på plass.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.05.2010