Hopp til innhold
X
Innhald

Åshild Kjelsnes

Åshild Kjelsnes. Foto: NRK.

Åshild Kjelsnes. Foto: NRK.

Åshild Kjelsnes fødd 1957 i Florø, oppvaksen i Årdal, busett i Florø. Politikar for Arbeidarpartiet. Flora bystyre 1987-1991.

Ho vart vald inn i fylkestinget i 1992. I 2009 vart ho vald til fylkesvaraordførar som den første kvinna i dette vervet i Sogn og Fjordane. I 2011 vart ho vald til fylkesordførar, også her som den første kvinna i vervet.Frå 2015 er ho fylkesvaraordførar.

Ho var i fleire år leiar i det fylkeskommunale Trafikktryggingsutvalet.

Frå 2006 leiar i Nasjonal rassikringsgruppe og nestleiar i Trygg Trafikk. I 2012 vart ho vald til styreleiar i Regionalt forskingsfond Vestlandet.

Tildelt Trafikktryggingsprisen til Sogn og Fjordane fylkeskommune i 2013.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.01.2016