Hopp til innhold
X
Innhald

Atle Kittang

Atle Kittang (1941-2013) frå Florø, busett i Bergen. Professor i ålmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen frå 1974. Tok doktorgraden i fransk litteratur 1974. Har arbeidd som lektor i fransk litteratur ved UiB, professor II i litteraturvitskap ved NTNU i Trondheim, og frå hausten 2002 professor II ved Ibsen-senteret.

Kittang har m.a. hatt studieopphald i Franrike og USA, og vore gjesteforelesar ved ei rad universitet i utlandet. Han har gjeve ut ei mengd fagbøker om norsk og fransk språk og moderne litterturteori.

Har vore medlem av Det akadamiske kollegium ved UiB i seks år og ordførar i rådet for humnitær forsking 1985-1986.

Son til Didrik Kittang (sjå denne under «Kjende personar i Flora fødde år 1900-1940»).

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.06.2013