Hopp til innhold
X
Innhald

Atle Svardal

Atle Svardal (1919-1945) frå Florø. Norsk motstandsmann og radiotelegrafist under 2. verdskrig. Utdanna på mellomskule, handelsskule, befalskule og politiskule. Deltok i krigen i Noreg i april–dagane 1940 som sersjant. Rømde til England våren 1940. Vart utdanna som radiotelegrafist og sett inn i etterretningstenesta med tre turar til Noreg.

Frå radiosendaren med kodeordet Roska (sjå Radiostasjonen Roska) ved Breivika ved Frøysjøen rapporterte han og kameraten Fredrik Persen om fiendtleg skipstrafikk i kystleia. Rapportane frå Roska var på slutten av krigen avgjerande for mange vellukka flyåtak mot tyske konvoiar.

Tyskarane sette inn tre moderne peilebåtar for å finne radiostasjonen. Den vart oppdaga 13. mars 1945. Tyskarane skaut gjennom hytteveggen og drap Atle Svardal med det same. Fredrik Persen vart teken til fange. Svardal er tildelt St. Olavsmedaljen med eikegrein, Krigsmedaljen og Distinguished Cross.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.12.2007