Hopp til innhold
X
Innhald

Aviser og medium i Flora

Firdaposten torsdag 20. oktober 2011. Sidan 1992 har avisa vore den einaste som kjem ut i Florø. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Firdaposten torsdag 20. oktober 2011. Sidan 1992 har avisa vore den einaste som kjem ut i Florø. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Tidlegare stortingspresident Guttorm Hansen var den første redaktøren i Firdaposten. Foto: Bjarne Vestmo.

Tidlegare stortingspresident Guttorm Hansen var den første redaktøren i Firdaposten. Foto: Bjarne Vestmo.

Nordre Bergenhus Amtstidende

vart starta i 1872 og var den første avisa som kom ut i Sogn og Fjordane.

Fylkestidende

– sjå Nordre Bergenhus Amtstidende.

Søndfjords Avis

vart skipa i 1898 som organ for Venstre.

Firda Folkeblad

vart starta i 1906 under namnet Nordre Bergenhus Folkeblad, i 1919 vart namnet Firda Folkeblad.

Nordre Bergenhus Folkeblad

– sjå Firda Folkeblad.

Firdaposten

Firdaposten vart skipa i 1948 som partiorgan for Arbeidarpartiet.

Edvin Helgheim er mellom dei som har vore journalist for Sunnmørs-posten i Florø.

Edvin Helgheim er mellom dei som har vore journalist for Sunnmørs-posten i Florø.

Sunnmørsposten

hadde på 1970 og 1980-talet avdelingskontor i Florø. Journalistar på avdelingskontoret har vore Erik Solheim, Edvin Helgheim og Alf Jansen.

Radiohistoria i Florø

Alt i 1973 vart det sett ned ei nemnd som greidde ut nærkringkasting for Flora.

Firda

har frå 1991 hatt korrespondent i Florø. Ivar Longvastøl var den første, deretter Hans Morten Sundnes og frå 1991 Knut Magnussen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 19.09.2018