Hopp til innhold
X
Innhald

Batalden Systove

Nettsida til Øytex.

Nettsida til Øytex.

Batalden Systove vart starta på Batalden i 1970 av Reidun og Kjell Russøy.

Dei første åra dreiv systova leigesaum for Evebøfoss Fabrikker på Sandane, og hadde 15 sydamer i arbeid i lokala i skulehuskjellaren. Dette var i ei tid då norsk industri hadde knapt med arbeidskraft, og det var ikkje uvanleg at verksemder ”knoppskaut” med avdelingar i utkantar der arbeidskrafta var å finne. I tillegg fekk verksemder store statstilskot for slik utflytting.

Men like etter etableringa i Batalden slo billige importvarer mykje av norsk te-ko-industri over ende. Krisa råka også det tidlegare så solide Evebøfoss: Etter konkurs i 1974 overtok Batalden Systove maskinane sjølve og dreiv vidare med leigesaum for fleire konfeksjonsfabrikkar på Vestlandet.

I 1982 bytte systova namn til Batalden Saum og dreiv leigesaum fram til 1989 då verksemda skifta namn til Øytex og starta produksjon på eiga hand. Spesialiteteten vart uteplagg for rullestolbrukarar.

Verksemda flytta inn i nybygg i 1995. Øytex har sidan hatt kring sju tilsette. Men i 2010 vart produksjonen flytta til Estland, og dei fire tilsette miste arbeidet. Dei tre eigarane held fram med verksemda.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.12.2010