Hopp til innhold
X
Innhald

Bataldens Havfiskeselskab AS

Fiskedampskipet Batalder.

Fiskedampskipet Batalder.

vart skipa i 1903 av brørne Saron, Samson og Peder Batalden.
Dei bygde fiskedampskipet ”Batalder” på 92 fot. Båten vart dei første åra nytta til sildefiske om vinteren og til makrelldorging om sommaren. I 1910 kjøpte havfiskeselskapet skonnerten ”Spectaculator” som vart nytta som lagerfarty og hjelpebåt for ”Batalder”. Både ”Batalder” og ”Spectaculator” vart selde i 1923 då nedgangstidene sette inn.

Batalder (ytst) ved kai.

Batalder (ytst) ved kai.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.05.2010