Hopp til innhold
X
Innhald

Bauge Trevare

H-Vinduet Bauge AS. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

H-Vinduet Bauge AS. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Bauge Trevare er ein trevarefabrikk som vart starta i 1954 av Arne Bauge. Tidleg på 1960-talet tok verksemda i bruk eit større produksjonslokale i Havreneset, men flytta på slutten av 1960-talet til nye lokale i Digreneset. I den første tida produserte Bauge Trevare eit variert utval av bygnings- og innreiingsartiklar som dører, vindauge, trapper og kjøkeninnreiingar, men har sidan spesialisert på produksjon av vindauge.

I 1997 overtok sonen til Arne Bauge, Åge, som dagleg leiar. Verksemda har i dag eit produksjonslokale på 4.000 kvadratmeter og kring 40 tilsette. Namnet er H-vinduet Bauge AS.

Bror til Åge Bauge, Jan Bauge, starta i 2004 byggevareforretninga Snekker’n Bauge Interiør.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 13.11.2009