Hopp til innhold
X
Innhald

BB Gruppen AS

BB gruppen AS i Florø har vore eit av dei mest sukssesrike forretningsforetaka i Florø dei siste åra. Gruppa vart skipa i 1970 av Ester og Rolf Belsvik og eig fleire selskap innan vask, rens og reinhald.

I starten heitte selskapet Sunnfjord Vask og Rens, men har etter kvart vakse til ei av dei største i bransjen på Vestlandet. BB Gruppen er 2006 leia av sønene til Ester og Rolf Belsvik, Leif Gunnar og Ove Belsvik.

I 1998 kjøpte BB-gruppa Sentralvaskeriet i Førde, og har òg avdeling i Måløy. I år 2000 hadde gruppa 200 tilsette på heil- og deltid, og ei omsetning på 80 millionar kroner.

I 2013 er Leif Gunnar Belsvik konserndirektør i Nor Tekstil AS. Foto: Nor Tekstil.

I 2013 er Leif Gunnar Belsvik konserndirektør i Nor Tekstil AS. Foto: Nor Tekstil.

Størst på vask i landet

Forutan eigne selskap i BB-Gruppen, kjøpte gruppa 35 prosent i holdingselskapet Nor Tekstil Service som hadde mange verksemder på Aust- og Sørlandet. I 2005 vart dette selskapet utvida til å omfatte nesten heile landet, og Belsvik-familien fekk kontroll over det, og det blir leia frå Florø. I 2011 omfattar Nor Tekstil AS 17 vaskeri med rundt 700 tilsette og ei årleg omsetning på rundt 650 millionar kroner, og det er det største konsernet innan vaskeritenester i landet.

Byggjer kjempevaskeri

I 2013 sette Nor Tekstil i gang bygging av eit nytt vaskeri på 10.000 kvadratmeter i Drammen. Det skal stå ferdig i 2014 og gje arbeid til vel 190 tilsette, 30 fleire enn før utbygginga.

BB Gruppen i Florø. Foto: Ottar Starheim, NRK.

BB Gruppen i Florø. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.08.2013