Hopp til innhold
X
Innhald

Bergen mot Florø som by

Florø i 1866, etter seks år som by. Teikning C. F. Diriks.

Florø i 1866, etter seks år som by. Teikning C. F. Diriks.

Det var Bergens-kjøpmennene som frå gamalt av hadde full kontroll over fiskehandelen på Vestlandet. Mykje av fisken vart ført til Bergen på bygdejektene (i Sogn og Fjordane var det 209 jekter i 1845), men mange fiskarar rodde sjølve med fangsten den lange vegen til Bergen.
Fiskarane hadde for vane å halde seg til ein fast Bergenskjøpmann der dei selde fisk og fekk varer i byte. Men ofte måtte dei kjøpe på borg. Kjøpmannen fekk såleis eit godt grep om skuldige fiskarar, som vart prisgjevne kjøparen når det galdt kvalitetsvurdering og oppgjer for fisken. Kvar kjøpmann hadde sitt distrikt av kysten som han handla med. Såleis var Gjert Vedeler dominerande i Kinn. Herman von Tangens Sønner rådde i Bulandet. I Nordfjord var Johan H. Døscher dominerande. Det var difor forståeleg at det var frå handelslauga i Bergen at den sterkaste motstanden kom då ein midt på 1800-talet gjorde framlegg om å skipe eigen by på kysten av Sogn og Fjordane (sjå Kommunehistoria i Flora). Dei såg den nye byen som eit trugsmål mot sin eigen økonomiske dominans.

I 2010 feira Florø sitt 150-årsjubileum. Både ordførar, kultursjef og folk elles kledde seg opp i antrekk frå 1800-talet. Foto: Simon Solheim, NRK.

I 2010 feira Florø sitt 150-årsjubileum. Både ordførar, kultursjef og folk elles kledde seg opp i antrekk frå 1800-talet. Foto: Simon Solheim, NRK.

Neste side: Hummarfisket

Hovudside: Fiskerihistoria i Flora

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.06.2010