Hopp til innhold
X
Innhald

Bjarne Svanøe

Foto: Ragnvald Søgnesand, NRK.

Foto: Ragnvald Søgnesand, NRK.

Bjarne Svanøe fødd 1954 i Florø. Biletkunstnar. Utdanna ved kunstakademia i Bergen og Oslo.

Han har sidan 1993 hatt ei rad separatutstillingar på kunstgalleri i Sogn og Fjordane og elles på Vestlandet. I 1995 var han festivalutstillar på jazzfestivalen i Molde. I 1998 deltok Svanøe i to kollektivutstillingar i London, der han også har hatt utsmykkingsopdrag. I Sogn og Fjordane har Svanøe m.a. hatt utsmykking av Quality Hotell i Florø og Fjordbase.

Son til Kristoffer Svanøe og bror til Ole Svanøe.

Etter stormen, måleri av Bjarne Svanøe (utsnitt).

Etter stormen, måleri av Bjarne Svanøe (utsnitt).

Bjarne Svanøe har atelieret sitt i den gamle, raudmåla sjøbua på Svanøy. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Bjarne Svanøe har atelieret sitt i den gamle, raudmåla sjøbua på Svanøy. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 31.10.2011