Hopp til innhold
X
Innhald

Bortheim Transport AS

Bortheim Transport ved rv 5 ved Havikbotnen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Bortheim Transport ved rv 5 ved Havikbotnen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Bortheim Transport AS i Florø vart starta av Per Bortheim i 1993. Selskapet har i 2012 ein bilpark på 16 bilar, av desse går 11 i trafikk mellom oljebasane i Norge. Selskapet omsette for nesten 27 millionar kroner i 2011.

I 2004 starta Bortheim Dekkservice AS. Til saman har dei to selskapa 20 tilsette. I 2012 tok Bortheim i bruk eit nybygg ved Havikbotnen.

Anlegget til Bortheim i Hestenesgata. I 2012 er det planar om å byggje sementsiloen om til bustader. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Anlegget til Bortheim i Hestenesgata. I 2012 er det planar om å byggje sementsiloen om til bustader. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 26.09.2012